Med toaksla trekkvogn og utan last på hengaren, prøvde den utanlandske traileren å ta seg opp Hofsetbakken i Ulsteinvik på nysnø. Det gjekk ikkje heilt som føraren hadde tenkt seg.

Hadde ikkje på kjettingar

Snøen som lava ned i Ulsteinvik tidlegare på dag har skapt svært vanskelege køyreforhold. Også i Hofsetvegen. Likevel prøvde sjåføren å kome seg opp utan å ha montert kjettingane på hjula.

Spora på vegen syner at traileren har vore oppe på den første høgda før han har fått stans og segla bakover ned til dei store bustadblokkene som ligg på oversida av vegen.

Det er berre eit under at det ikkje gjekk liv, med tanke på Hofsetvegen som er sterkt trafikkert av fotgjengarar.

Då Vikebladet Vestposten kom til staden stod semitraileren med knekk på midten, og sperra store delar av køyrebana i begge retningar. Enkelte personbilar kom seg forbi, men Bakkebyruta valde å snu. Det var også for glatt på staden til at den kunne gjere eit forsøk.

- Må strø

Naturlegvis får slike hendingar stor merksemd av naboar. Mange av dei som bur langs Hofsetvegen tok turen ut for å sjå kva som hadde skjedd. Og fleire av dei klagar på kommunen sitt engasjement når det gjeld strøing av vegar.

- Kommunen er ikkje ute å strør før uhellet har skjedd. Sjølvsagt har sjåføren ein del av ansvaret, men uhellet kunne vore spart om kommunen reagerer i tide, raser ein av naboane.

Politiet var kontakta for ein kommentar. Dei kjende ikkje til hendinga,  og hadde heller ikkje patruljer tilgjenge som kunne rykkje ut.

Folk på staden fortel at sjåføren var på veg opp til eit anleggsområdet for å hente ei maskin.

Spoilersettet på lastebilen vart skadd som følgjer av knekken mellom trekkvogn og hengar. Foto: Joar Drønnesund