Rådmannen rår politikarane til å starta opp detaljprosjektering av Arena Ulstein/Kulturkvartalet til ein kostnad på om lag 15 millionar kroner (inkludert mva.).
Av dette er 3 millionar kroner mva. som går til delfinansiering av prosjektet. Tiltaket blir å innarbeide i økonomiplanen 2013–16.
Parkeringsløysing
Opphavleg var det tenkt at det skulle byggjast parkeringshus i same bygg som ny symjehall, idrettshall og nytt bibliotek. Men det vart så kostbart, at det vart teke ut av planane i desember 2011. Kommunen har no sett på andre løysingar. Dei vurderer å kjøpe tomta til dagens bensinstasjon (XY) i Gjerdegata. Dei har gjort ein intensjonsavtale med eigar om kjøp av eigedomen/selskapet.
Kommunen ser føre seg at her kan dei utvikle eit bustadprosjekt med parkeringsanlegg over to etasjar med inntil 170 plassar.
Sak om utvikling og vidaresal av prosjektet til privat utbyggjar bli å leggje fram for kommunestyret innan 31. juni 2013.
Forkaste eller halde fram
Politikarane må ta stilling til om dei vil gå vidare med prosjektet eller leggje det bort.
Bygginga av Arena Ulstein vil koste rundt 230 millionar. Tar dei ut varmtbadet kan det bli 20 millionar billegare.
Om kommunen konsentrerer seg om basisfunksjonane kan bygget bli rimelegare, men dei ser det som lite sannsynleg at dei får med seg bedrifter/næringsliv på investeringar i eit basisanlegg for kommunale oppgåver.
Saka skal opp i levekårsutvalet onsdag 7. november, før ho går vidare til formannskapet og kommunestyret.