Norled har onsdag morgon sendt ut ei driftsmelding der det går fram at det vil vere noko redusert kapasitet i rute B på ferjesambandet Hareid - Sulesund.

Ifølgje meldinga gjeld dette inntil vidare.

Også tysdag var det tidvis både forseinkingar og redusert kapasitet på ruta.

Like før 14.30 onsdag opplyser Norled om at det skal vere normal kapasitet også i B-ruta.