Stena Recycling har etablert seg på 15 ulike plassar i Norge – og aktiviteten i Hareid er den siste i denne rekka. Sjølve konsernet opererer i ti ulike land på over 200 plassar. Svein Gunnar Reppe er filialleiar i Hareid.

Norsk Gjenvinning AS har i fleire år leigt eit område på Franzefoss-anlegget, men har no valt å trekke seg ut. Trond Sørensen, dagleg leiar ved Franzefoss Gjenvinning, fortel at Stena Recycling vil halde fram med same aktivitet som Norsk Gjenvinning, d.v.s. på to hovudområde:

a) Behandling av kasserte køyretøy og godkjenning til å utstede vrakpant.

b) Løyve til sortering, mellomlagring og omlasting av metall og EE-avfall.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner det vil vere naturleg å oppdatere løyvet til å behandle kasserte køyretøy og utstede vrakpant, då dette løyvet er på over 10 år.