Omsorgsleiar Marit Botnen føreslår for Levekårsutvalet at Ulstein kommune blir flytta frå Husbankens gruppe 4 og over i gruppe 3 saman med Lørenskog, Skjedsmo, Frogn, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.

Dyrare å byggje og bu

Ulstein kommune har over fleire år hatt ei brei satsing på omsorgsbustader med livsløpsstandard for utleige. Kommunen har nærare 100 bueiningar for utleige til ulike grupper. Bustadene er tilrettelagt for funksjonshemma etter krava som Husbanken har fastsett for tilskot.

Byggje- og leigekostnadene har også i området vårt stige monaleg siste åra. Dette fører til at leigekostnadene for enkelte blir vurdert som krevjande, skriv Botnen til Levekårsutvalet. Ein stor del av leigetakarane er alderspensjonistar. Om Ulstein blir flytta i Husbanken si kommunegruppe kan fleire leigetakarar med låge pensjonsinntekter høve til månadleg bustøtte frå Husbanken.

Ulstein er ein kommune med stor innflytting og raskt aukande folketal, noko som er med på å presse bustadprisane opp.