Det store Sunnmørsbad-prosjektet i Herøy kommune skapte rabalder under kommunestyremøtet i kommunen torsdag, melder Sunnmørsposten.

Ifølgje avisa vil badet ende med store overskridingar, og av frykt for konkurransen frå det planlagde Arena Ulstein-prosjektet i Ulsteinvik vart delar av kommunestyret stengd for offentleheita.

Sunnmørsbadet som skal innehalde vassklier, bølgjeanlegg, elvestraum og boblebad var meint å skulle koste 180 millionar kroner pluss moms, men Sunnmørsposten skriv at Arnulf Goksøyr ikkje legg skjul på at det vil kome til å koste meir enn Sunnmørsbadet AS rekna med.

- Badet vil auke bulysta, men eg skal innrømme at vi bomma kraftig på nokre ting, sa Goksøyr ifølgje Sunnmørsposten.

Sunnmørsbadet var planlagt opna i 2014, men grunna fem månader forseinking skal det no opnast 15. februar i 2015.