Det er nok fleire som har merka seg at Kongeskipet "Norge" var på Ytre Søre i morgontimane og på formiddagen tysdag. Vikebladet Vestposten sine lesarar har sendt oss fleire bilete av Kongeskipet som hadde ankra opp like ved Tjørvåg, natt til tysdag.

Ein innringar frå Ulstein såg også båten tysdag, og ein annan meiner han såg båten ikkje så langt frå Runde. Fleire har sagt at dei såg det raude kongeflagget med ei løve på, noko som betyr at det er kongelege om bord. Kong Harald er som kjent på laksefiske i Stryn, men det kan jo tenkjast at Dronning Sonja var med då båten segla rundt på Søre.

Ved 12-tida meldte Sunnmørsposten at skipet hadde ankra opp ved Godøya utanfor Ålesund.