Måndag tek kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner imot den første delrapporten frå ekspertutvalet for kommunereform. Men allereie onsdag denne veka kom Stavanger Aftenblad med lekkasjar frå arbeidet.

– Utvalet kjem til å lande på at kommunane bør ha minst 20.000 innbyggjarar, seier Randaberg-ordførar Bjørn Kahrs (H) til avisa. Han har sete i ei ordførargruppe som har kome med innspel til diskusjonane.

Så mykje meir om kva konklusjonen til utvalet blir vil ordføraren i Randaberg ikkje seie, men han meiner dokumentet vil setje fart i debatten om kommunegrensene.

Avstandar

Heidi Greni er stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av ei arbeidsgruppe i partiet som skal vurdere behovet for reformer i kommunesektoren. Ho har ikkje tru på å fastsetje innbyggjartal, slik forslaget som har kome fram i pressa legg opp til.

– Vi har heile tida sagt at uansett kva tal ein set, så vil det vere lite tenleg å setje eit innbyggjartal med den geografien og avstandane ein har i Noreg, seier Greni.

Ho viser til at sjølv om mykje av interaksjonen mellom innbyggjarar og kommune i dag går føre seg via internett, er det ikkje ein fordel at avstandane inn til kommunesenter og kommunehus for mange vil bli større.

– Det vil svekkje lokaldemokratiet og svekkje engasjementet når innbyggjarane får større avstand til kommunehuset, seier ho.

– Må kjenne oppgåvene sine

Greni understrekar at Senterpartiet ikkje er imot kommunesamanslåing, men ønskjer at det skal vere frivillig og med lokal forankring. Ho ser heller ikkje vekk frå at det for kommunar i tettbygde strøk kan vere fordelaktig med samanslåingar.

– Mi tilnærming er at det ikkje er behov for ei storstilt kommunesamanslåing, men eg er ikkje imot det der lokalpolitikarane meiner det er gunstig, seier ho.

Greni meiner ein først burde kartleggje kva oppgåver som skal utførast på kommunalt, regionalt og statleg nivå, før ein tek diskusjonen om samanslåing.

– Når ein kommune veit at no skal vi ha desse oppgåvene – og kan sjå om ein løyser dei best innanfor kommunen, interkommunalt eller ved samanslåing – då kan ein ha ein reell diskusjon, seier Heidi Greni