– Denne og andre fullmakter frå kyrkjelydane kring om i Noreg, var på mange måtar opptakta til den demokratiske prosessen som gav Noreg si eiga grunnlov, sa ordførar i Ulstein, Jan Berset, til dei frammøtte under tysdagens avduking av fullmakta frå 25. mars 1814.

Den danske statthaldaren i Noreg, prins Christian Frederik, kalla inn til eit stormannsmøte 16. februar 1814, der 21 av riket sine leiande menn møtte på Eidsvoll. Ein vart her einige om at fredsavtalen danskekongen måtte godta ved Kielfreden 15. januar, som gav Noreg til Sverige, ikkje kunne aksepterast. Ein erklærte i staden Noreg som ein sjølvstendig stat og kalla inn til riksforsamling nokre månader seinare.

Dei fem biskopane i Noreg fekk tilsendt eit skriv frå Danmark sin prins Christian Frederik, der han fortalde om situasjonen. Biskopane blei bedt om å forordne ei særskilt bededagsgudsteneste, der kyrkjelyden skulle velje ut sine valmenn, som igjen skulle velje utsendingane til Eidsvoll. Alt dette sa prest Kristian Myklebust i si preike sist søndag.

Leiglending blei valt

I «Ulvstens og Harejds menighed», som var namnet på den samla kyrkjelyden den gongen, blei sokneprest Petter Thams Buskmann og leiglendingen Annanias Olsen Haabakken valt ut. Det var 25. mars 1814, i kyrkja på Hareid valet blei gjennomført. Kyrkjene kring om i Noreg var på denne tida vallokale, og dei som sokna til kyrkja utgjorde valkrinsen. Buskmann og Haabakken reiste til Molde med fullmakta i handa, og var med på å velje ut dei tre mest opplyste mennene frå vårt amt (fylke), som skulle delta på riksforsamlinga på Eidsvoll. Resten av prosessen kjenner vi frå før. Riksforsamlinga blei halden på Eidsvoll i april og mai 1814, og 17. mai hadde Noreg fått si eiga grunnlov. Akkurat valet av leiglendingen fekk dei frammøtte under avdukinga til å trekkje på smilebandet.

– Det å velje ut ein leiglending, som ikkje var spesielt høgt oppe i samfunnet på den tida, må ha vore nesten uhørt. Det viser at Ulstein- og Hareid-samfunnet den gongen, sjølv om at det for det meste bestod av fattige bønder og fiskarar, var eit ganske så demokratisk samfunn, kommenterte medlemmene i Grunnlovskomiteen i Ulstein.

Originalen av fullmakta er trygt lagra i Riksarkivet, men kopien vil fram til nasjonaldagen hengje i gangen i Ulstein kyrkje, slik alle får sjå den. Då blir den flytta til kommunestyresalen.