I framlegget til budsjett og økonomiplan er det foreslått å spare inn ein million kroner til saman på skulane i Ulstein kommune. Ulstein skule skal spare inn 92 272 kr, Haddal skule 74 108 kr, Hasund skule 166 141 kr, Ulstein ungdomsskule 357 403 kr og Ulsteinvik barneskule 310 077 kr.

Dette reagerer foreldreutvala ved skulane på. Tysdagskvelden hadde dei eit felles møte der dei forfatta eit felles skriv til politikarane, som skal vedta økonomiplan for dei neste fire åra på kommunestyremøtet torsdagskvelden (15. desember).

I brevet viser dei til dei fine orda som står på kommunen si heimeside, "Skulane i Ulstein kommuen jobbar heilskapleg for å skape gode skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring." Men det meiner foreldra ikkje heng saman med dei foreslåtte kutta i skulesektoren. Kutta vil føre til store innverkander på elevane si læring då lærartettleiken vil bli mykje dårlegare.

Dei minner om at det er borna som er framtida, og håpar kommunen ikkje kuttar i budsjetta. Dei ønskje også å møte kommunen til dialog for saman å diskutere korleis dei kan løyse fleire utfordringar dei skisserer i brevet.

Les heile brevet her:

Klage på forslag av budsjett og økonomiplan, vedrørande dei planlagde budsjettkutta i skulesektoren i Ulstein kommune

På kommunen sine heimesider står det: «Skulane i Ulstein kommune jobbar heilskapleg for å skape gode skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring». Vi meiner de talar mot dykk sjølve ved å kutte så mykje i skulesektoren. Slik budsjett og økonomiplanen føreligg per i dag vil det få store innverknadar på elevane si læring då lærartettleiken vil verte mykje dårlegare. Vi stiller spørsmål ved korleis de skal få nok timar til dei elevane som har rett på spesialundervisning når de tek vekk så mange lærartimar.

De har formidla tidlegare i media, viser til Vikebladet Vestposten http://www.vikebladet.no/nyhende/2016/03/29/Fleire-l%C3%A6rarar-til-dei-minste-12530043.ece, at de skal få inn fleire lærarar for elevar som går i 1 -4. klasse. Her meldar kunnskapsministeren om kor viktig det er med styrking av tidleg innsats, noko vi i FAU er heilt einige i. Dette er ein post Ulstein kommune seinare vil spare på då det vert gitt større trykk på læring og spesialundervising tidleg, og slik vert det mindre behov for det i høgare klassetrinn. Dette vert vel heilt vekk no når de vel kutte så mykje ved kvar skule? Vi ser i alle fall ikkje korleis de skal greie å få det til.

«Vi ønsker å styrke elevenes læring for at elevene skal være godt rustet for livslang læring, for fremtidig arbeidsliv og til aktiv deltakelse i samfunnet. Faglig og pedagogisk sterke lærere og kompetente og dyktige ledere er en nøkkel for å oppnå det». Slik startar Kunnskapsdepartementet sitt skriv om strategi for vidareutdanning av lærarar og skuleleiarar fram mot 2025. FAU er bekymra for at dei planlagde budsjettkutta i skulesektoren skal føre til ekstra belastning for lærarar som allereie jobbar hardt med å få arbeidet sitt gjort innanfor dei rammene dei har.

I dei skulane som er fådelte, vil klassene måtte gå saman med klasser over eller under seg i alder, og bruke klasserom som allereie er små, difor vil det fysiske miljøet også verte dårlegare. Dette synast vi som foreldre ikkje er haldbart. Når man velger å kutte ned på lærartettleiken kan man oppleve hyppigare sjukmeldingar blant personalet på skulane, då dei vaksne opplever det som svært utfordrande å ha ansvaret for større klassar. Dei vaksne blir slitne, noko som igjen vil gå utover borna. Dette vil også påverke arbeidsmiljøet i negativ retning.

Vi synast det er trist at det er dei svake i samfunnet som skal lide i forhandlingar om pengar. Vi bed difor politikarane i Ulstein kommune tenkje seg om ein gong til for å finne ei betre løysing som alle partar kan sjå seg einige i. Hugs; det er borna som er framtida vår!

Vi i FAU ønsker å invitere Ulstein kommune til dialog snarast mogleg råd for å sjå på korleis kommuna planlegger å løyse utfordringane vi har skissert over.

Med vennleg helsing

Alle representantar i FAU- for Ulstein ungdomskule, Ulsteinvik barneskule, Ulstein skule, Hasund skule og Haddal skule.