(NPK): – Vi må unngå at det utviklar seg stresskultur på enkelte skular, seier kunnskapsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding

Det er Kunnskapssenter for utdanning (KSU) som har laga rapporten om skulestress på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Rapporten baserer seg på 33 studiar frå 28 ulike land.

– Skulerelatert stress og delen unge som rapporterer om psykiske plager, har auka i Noreg dei siste åra. Dette er ei alvorleg utvikling og bakgrunnen for at vi har bestilt denne rapporten, seier kunnskapsminister Asheim.

Ubalanse mellom krav og forventingar

Stress i skulen kjem ifølgje rapporten av ubalanse mellom krav og forventingar på den eine sida – og støtte og ressursar på den andre sida. Mykje lekser og overgang til ein ny klasse eller ein ny skule blir trekt fram som faktorar som kan gå ut over sosiale relasjonar.

22 av studiane som er gjennomgått i arbeidet med rapporten, tek for seg skilnaden mellom gutar og jenter knytt til skulestress. Resultata syner at jenter er meir utsette for psykiske plager og stress knytt til skulearbeid enn gutar.

– Vi har nyleg sett ned eit utval som skal sjå på kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar, og her er det gutane som kjem svakast ut. Jenter har jamt over betre skuleresultat enn gutar, men er meir utsette for stress og psykiske plager. Det bør vi sjå nærare på, seier Asheim.