Dei nye akutte innkvarteringsplassane skal ikkje bli tekne i bruk endå, men utlysinga inngår i den totale beredskapen dersom det skulle komme ekstraordinært mange asylsøkjarar, skriv UDI i ei pressemelding.

Anbodskonkurransane er ei oppfølging av tilsvarande konkurransar frå tidlegare år, då det blei inngått rammeavtalar for 2.400 akutte plassar for innkvartering.

Det er framleis uklart kor mange asylsøkjarar som kjem resten av året, men eksisterande mottak har ikkje kapasitet til å ta i mot fleire dersom det blir behov.

Kriteria UDI stiller er at innkvarteringa har minimum 70 plassar og er døgnbemanna. I tillegg må innkvarteringane ha gyldig brukstillating som overnattingsbedrift, asylmottak eller akuttinnkvartering.