Arrangørane av Ulstein Cup oppmodar folk til å møte opp i god tid og å skrive ut billettane på førehand.

Mykje skal ordnast til landslagsturneringa i Ulsteinhallen, men også publikum kan vere med å hjelpe til. Den beste hjelpa er at publikum møter i god tid. Sjølve hallen opnar seinast ein time før første kampstart, men billettkontrollen inn til publikumssoner utanfor hallen startar litt tidlegare.

– Ordinære billettar blir kontrollert ved at dei skannast, medan papirbillettar til klubbtribune blir rive, fortel leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Det er parkering både på den «vanlege» parkeringsplassen søraust for hallen, ved Ahlsell og Høddvollbarnehagen. Med meir enn 2000 publikummarar kan det bli rift om plassane, men det er også mogleg å parkere langs dei kringliggjande vegane. Det blir kiosksal og matservering både inne og utanfor hallen der det vil vere mogleg å betale kontant, med kort eller med mobilapp-en Sping.