Under kommuneforhandlingane i Ulstein i førre veke fekk ordførar Anders Riise i Hareid spørsmål frå Ulstein om kva store investeringsprosjekt Hareid står framfor dei næraste åra. Han svara helsehus i Hareid sentrum og ny ungdomsskule.

Til Vikebladet Vestposten utdjupar Riise at det ikkje ligg inne midlar til ny ungdomsskule i økonomiplanen.

- Men ungdomsskule er eit av prosjekta vi blir nøydde til å få på plass. Eg ser føre meg at vi i løpet av 6-7 år bør vere klare til å starte bygginga, seier Riise.

Han meiner den nye ungdomsskulen bør kome i Pålhaug-området, like ved ungdomsskulen og idrettsanlegget.

Dagens ungdomsskule er ikkje funksjonell nok for undervisninga. Men Hareid kulturskule og Ressurssenteret kan kanskje nytte lokala.