Svindlarane brukar no tilsynelatande norske nummer for å lure nordmenn.

– Forbrukarane som kontaktar oss fortel at dei blir ringt opp frå vanlege, norske telefonnummer. Dette skjer gjennom forfalsking av nummeret som ringjer deg opp, såkalla spoofing, så det ser ut som ei innanlandsoppringing. Mange forbrukarar vil dermed vere mindre kritiske til å ta telefonen, seier Øverli i ei pressemelding.

Microsoft tek derimot aldri kontakt med kundar per telefon, så det gjeld å vere på vakt.

Dei falske pc-hjelparane gir seg ut for å vere Microsoft-tilsette som skal hjelpe deg med eit problem. Ofte påstår dei at det er eit virus eller ein feil på maskina, og at løysinga er å installere programvare som svindlarane tilrår. Denne må du betale for ved å gi opp kortnummer og kode. Utan at du er klar over det kan du ende opp med å gi dei fjerntilgang til datamaskina di, og dermed tilgang til mange av dei personlege opplysningane dine.