Alle dei fire vêrstasjonane til Meteorologisk Institutt (Fiskåbygd, Ørsta/Volda Lufthamn, Svinøya og Vigra) har hatt høgare middeltemperatur enn normalt i både juni, juli og hittil i august (til og med 20. august). Nedbøren har vore på det jamne. Hovudtendensen har vore litt meir regn enn normalt i juni og juli, men under normalt i august.

Ikkje ein einaste av dei fire målestasjonane har målt lågare middeltemperatur enn normalt i desse tre månadene.

Samla (akkumulert) avvik for juni på dei fire stasjonane var + 1,9 grader, + 2,8 grader i juli og + 4,9 grader hittil i august.

Slik sett har august vore den av sommarmånadene som har vore varmast i høve til normalen.

I fjor var det forresten september som hadde høgast middeltemperatur.

Når så er sagt, har det ikkje vore altfor mange dagar der temperaturen har gått over 20 grader. Høgaste dagstemperatur målte Ørsta/Volda Lufthamn 21. juli med + 26,3 grader. Denne stasjonen hadde forresten 11 dagar med over 20 grader i juli. Nærast kom Fiskåbygd med 7 julidagar over 20 grader. Derimot har ikkje Svinøya hatt ein einaste dag i sommar med over 20 varmegrader.

Litt middeltemperaturstatistikk (i parentes normalen):

JUNI

Ørsta/Volda Lufthamn 12,3 (11,8)

Vigra 12,2 (11,0)

Fiskåbygd 11,9 (11,7)

Svinøy – Ikkje måling

JULI

Vigra 13,6 (12,5)

Ørsta/Volda Lufthamn 13,5 (13,4)

Fiskå 13,4 (13,0)

Svinøy 13,1 (11,9)

AUGUST (per 20/8)

Vigra 14,5 (13,0)

Svinøy 14,3 (12,7)

Ørsta/Volda Lufthamn 13,9 (12,8)

Fiskåbygd 13,8 (13,1)