Jeeya Seelan, nyvald leiar i Sunnmøre tamilske kulturforeining, opplyser at dei skal ha styremøte i morgon, fredag, og at blant sakene som skal opp er kor lenge sorgperioden skal vare. Både i Hareid og Ulstein har mange tamilar mist nære familiemedlemer heime på Sri Lanka, og Seelan opplyser at det er danna eit bra støtteapparat for pårørande. Sunnmøre tamilske kulturforeining (STKF) har også kontakt med leiinga i Hareid kyrkje. Det er planar om både å danne ei sorggruppe, og få til ei samling i Hareid kyrkje. Dato for samlinga er ikkje fastsett enno. Danseundervisning STKF driv blant anna undervisning i tamilsk dans, og dette arbeidet skal halde fram. Danseskulen har stor deltaking, og elevane er frå 8 til 18 år. Dei kan fullføre heile utdanning og ta eksamen i Noreg. I 2008 hadde STKF fem medlemsmøte, og arrangerte tre festar. I oktober 2008 vart "Vani vila", markering for visdomsgudinna, feira på Dimna, medan tamilsk nyttår 14. april vart feira på Hareid. Ein gong i månaden vart det arrangert tempeldag på Hareid ungdomsskule. Morsmålsundervisning Styret i STKF meiner det er viktig at borna får lære morsmålet sitt. At dei bli tospråklege er ein ekstrakompetanse. I fjor deltok 22 born på morsmålsundervisning kvar søndag i skuleåret. Elevane vart då delte inn i fire grupper, og seks vaksne jobba som lærarar. STKF arrangerte også ein stor aktivitetsdag for born og vaksne i Møre og Romsdal i fjor. Borna vart prioriterte, og det vart eit fint høve for tamilar frå heile fylket til å møte kvarandre.