Skinna kan ha ein verdi på rundt 150.000 kroner. Saka er under etterforsking av Ørsta lensmannskontor.
Det vert spekulert i om at det handlar om eit bestillingstjuveri. I Danmark skal tjuveri av skinn frå pelsdyroppdrettarar ha vorte eit problem siste åra. Skinna skal vere lette å selje.
Prisen på eit reveskinn er rekna til rundt 1000 kroner i verdi, medan verdien på eit minkskinn er rundt rekna 500 kroner. Såleis er det grunn til å rekne med at verdien på dei stolne skinna i Norangsdalen utgjer kring 150.000 kroner, skriv Møre-Nytt.