Ulstein kommunestyre har vedteke å ta imot 15 flyktningar, inklusiv familiesameining, i 2009. For resten av planperioden 2010-2012 ønskjer kommunen å ta imot ca. 20 flyktningar, inkludert familiesameining. Vedtaket er gjort under føresetnad av at budsjettramma i planperioden gir høve til å få inn ein flyktningkonsulen/miljøarbeidar i halv stilling frå hausten av, pluss ein rådgjevar i 20 prosent stilling frå 2010. Innan 1. februar 2009 skal administrasjonen i kommunen leggje fram ein plan for kjøp/bygging av bustader. Dette for å sikre at kommunen kan skaffe bustad til flyktningane.