Skipa er designa av Wärtsilä Ship Design Norway og skal utrustast ved Kleven Verft i Ulsteinvik, leveringsdato er sett til 30. juni og 30. september 2011.

For Kleven Maritime er det særleg gledeleg at Rem Offshore kjem attende, etter at verftsgrupperinga tidlegare har levert heile 10 farty til reiarlaget.

- For dei tilsette i Kleven Maritime – og særleg Kleven Verft – er dette særs kjærkome. Det er stor merksemd om marknaden og nye kontraktar i organisasjonen, så dette vert ei stor positiv hending for alle tilsette, kommenterer konsernsjef Ståle Rasmussen.

For reiar Åge Remøy er dette også ei gledeleg hending.

- For oss er det svært hyggeleg å gjere ei kontrakt med Kleven igjen, vi har lange og gode relasjonar med dei. Vi trur på marknaden framover, og posisjonerer oss for vidare vekst, seier han.

Dei to nye fartya representerer ein ny generasjon miljøvenlege og driftssikre plattform-servicefarty, der det er lagt stor vekt på miljø, drivstofføkonomi og lastekapasitet både under og over dekk. Med lett isklasse (ICE C) vil fartya vere eigna for nordområda, og avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC NOFO 2009) vil auke attraktiviteten i marknaden. Dødvekta er på om lag 5 000 tonn, lengde 85 meter, breidde 20 meter, dekksarealet er på over 1 000 m2. Klassenotasjon Clean Design sikrar lave utslepp ved katalysator på motorane, i tillegg er fartya utrusta med rensesystem for ballastvatn, som er eit nytt miljøkrav for denne type farty.

Wärtsilä leverer design, generatorsett, automasjon og elektriske system. Kontraktane vil gje store leveransar for mange lokale leverandørar, mellom anna Hareid Elektriske Teknikk og Brunvoll.

Kontraktsverdien er på 700 millionar norske kroner. Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 10 skip til ein samla verdi på 4,8 mrd.

Tingar to skip til

Men Rem Offshore ASA har ikkje berre tinga to skip med Kleven. Dei har tinga heile fire store PSV skip. Dei to andre skipa er tinga gjennom STX Norway Offshore AS og er av typen STX 06 CD. Skipa der vil bli levert i oktober 2011 og januar 2012. Kontraktene med STX har ein samla verdi på rundt 750 millionar kroner.