Vassproblema for abonnentane til Hareid vassverk starta onsdag kveld då eit rør sprakk. Det gjorde at husstandane i Hovlida og på Rise vart vasslause. Årestaden vart lokalisert til området ved Hareid skule, og iherdig innsats frå teknisk etat gjorde at dei fekk sett på att trykket, slik desse husstandane fekk vatnet tilbake seint onsdag kveld. Men Hareid ungdomsskule, bedrifta Jets og ein husstand på Rima var framleis vasslause. Torsdag jobba tilsette ved teknisk etat og ein innleigd entreprenør i opp mot 20 minusgrader med å få grave seg ned på røret og skifte det ut. Same kveld, klokka 22.30, var jobben gjort, og det gjekk ut melding om at elevane skulle møte til ordinær skule fredag. Men teknisk avdeling var ikkje lenge i paradis. Då fredagsmorgonen kom synte det seg at vassinntaket til Hareid ungdomsskule var frose. Elevane måtte sendast heim att på nytt, og folk ved teknisk avdeling måtte ut att i kulden, denne gongen for å tine rør. Vassløysa gjer at også symjehallen er stengd i dag, fredag. Mange hus med frosne rør – Vi har fått telefonar frå mange fortvila huseigarar som har fått frost i inntaksrøra sine. Men vi kan ikkje hjelpe dei. Tining av inntaksrør er ikkje ein jobb for amatørar, dei må stille seg på liste hos rørleggjarar, fortel områdeleiar Nils Yngve Nupen. Tininga av inntaktsrøret til Hareid ungdomsskule var det Jonny Holstad hos Hareid rør- og interiør som var bas for. Han seier til Vikebladet Vestposten at dei i løpet av dei to siste døgna har fått over 100 telefonar frå huseigarar som fortvilar over at røra har frose. For dei som enno har vatn i røra kan eit godt råd vere å late det renne litt vatn i springen. Då frys det ikkje til is. Nils Yngve Nupen reknar med at vatnet renn som det skal i røra med det første, slik at elevane kan møte til ordinær skule att måndag.
Nyhende →
Elevane vart sende heim frå ungdomsskulen to dagar på rad
Torsdag klokka 22.30 var det skadde vassrøret ved Hareid ungdomsskule reparert, og elevane fekk beskjed om å møte på skule dagen etter. Men fredag var inntaksrøret ved skulen frosen, og elevane måtte gjere vendereis for andre dag på rad.