Det er organisasjonen Inner Weel som har starta aksjonen for å berge den nedleggingstruga akuttavdelinga ved Volda sjukehus. Einar Rostad, president i Volda Rotary, seier til avisa Møre at det er vitkig at folket i regionen reiser seg og avviser planane til helseregionen om å ta akuttfunksjonen frå sjukehuset i Volda. Det meiner han vil påtvinge folket i regionen eit sterkt redusert helsetilbod. Fakkeltoget skal starte frå rådhuset i Volda, og skal gå til sjukehuset, der det blir korte appellar og oppsending av Thai-lykter. Dersom det møter opp så mykje folk ved rådhuset at der ikkje blir nok faklar, tipsar Rostad om at to og to kan gå saman. Volda sjukehus er sjukehus for ca. 40.000 menneske, og har i dag kirurgisk akuttberedskap tilgjengeleg heile døgnet. På vakt saman med kirurgen står eit operasjonsteam klart. - Store konsekvensar Hovudtillitsvald Dagny Botn Brautaset for Norsk Sykepleierforbund ved sjukehuset i Volda seier til avisa Møre-Nytt at dei praktiske konsekvensane av å leggje ned akuttavdelinga kan bli store. Dersom du til dømes blir lagt inn med eit uavklara sjukdomsbilete, vil du ikkje få vurdering av kirurgi i akuttfasen. Har du magesmarter, til dømes blindtarmbetennesle, gallesteinsmerter eller nyresteinanfall, må du transporterast til Ålesund for å få dette avklara. Bryt du ei hand, ein fot eller lårbeinet, og skaden krev operasjon, vil der ved sjukehuset i Volda på dagtid vere både kirurg, anestesi og operasjonspersonell i aktivitet med å ta unna planlagde operasjonar, men dei vil ikkje ha løyve til å hjelpe deg.
Nyhende →
Byr inn til fakkeltog i Volda i dag
I kveld, torsdag, blir det utdeling av gratis faklar til folk som vil gå i fakkeltog for vern av akuttavdelinga ved sjukehuset i Volda. Initiativtakarane håper på deltaking også frå Ytre Søre.