Solveig Bakkely på Hareid (88) er lam, og avhengig av at nattevakta kjem heim og snur henne i senga. Laurdag fekk ho brev om innskrenkingar, og varsel om at ho må vere klar til å leggje seg klokka 21.50. Men Solveig kan ikkje ligge i same stilling til neste morgon, og fryktar at følgjen blir både smerter og liggesår.
Solveig Bakkely frå Hareid er lam, og klarer ikkje å snu seg sjølv i senga. No har ho fått brev frå heimesjukepleien om at ho må vere klar til legging klokka 21.50, og ho fryktar innskrenkinga gjer at dei ikkje kjem og snur henne når ho har behov for det. (Arkivfoto)