Kaldhol er fødd i Lofoten, men har budd store delar av livet i by, både i Oslo og København. Ho trefte ein sunnmøring i Oslo, og dei valde å busetje seg på Hareidlandet. Eg merkar stor forskjell på by- og bygdekulturen, seier ho. Ho er overraska over at mange kvinner på bygdene arbeider i reduserte stillingar, dette meiner ho er truande for likestillinga. Då blir det endå tydelegare at mannen tener mest, og at kvinna etter ein fødsel vel å vere heime med barna.

Slapp generasjon

Min generasjon har vore litt slappe i høve likestillingskamp, meiner ho. Foreldra våre var mykje meir opptekne av slike spørsmål, og dei har gjort det slik at vi har kome langt på veg. No må vi ikkje berre nyte fruktene av andre sitt arbeid, vi må gå for full likestilling, seier ho med alvorleg stemme. Sjølv ynskjer ho at dottera si skal vekse opp til full valfridom. Kaldhol er ikkje så oppteken av kjønnsnøytrale leiker, ho meiner det viktigaste er at ungane får lov til å velje sjølv. Kvinner og menn er genetisk forskjellige, så å tvinge på barna like leiker føler ho er feil fokus. Jente- og guteleiker er like mykje verdt. Dersom jentene vil gå i prinsessekjole heile dagen, og leike med Barbie, så må dei få lov til det. Vi er trass alt feminine, og skal ikkje prøve å bli menn, smilar ho. Ho fortel at ho merka det tradisjonelle rollemønsteret betre etter at ho fekk barn. Kvinnene blir oftast heimeverande, og tek frå mannen dei huslege pliktene.

Gi slepp på heimen

Kaldhol har ikkje noko i mot at enkelte kvinner vel å vere heime i periodar av livet, men ho meiner bestemt at mannen burde ta ein større del av ansvaret heime. Der er hardt å skulle jobbe 100 prosent, og i tillegg skulle halde orden på hus og heim, forklarar ho. Kaldhol håpar at regjeringa får igjennom forslaget om forlenga barselpermisjon for menn. Dette er ein permisjon som kvinna ikkje kan ta frå mannen, og som vil sette henne i stand til å kome seg ut i arbeid att raskare. Men for at eit slikt vedtak skal fungere må det ikkje gi redusert lønn under permisjonen, det skal ikkje følast som ei straff å skulle vere heime, minner ho om. Ho trur mange kvinner føler det trygt og godt å vere sjef heime, medan mannen er ute å tener pengar, men ho understrekar at kvinnene må bli modigare. Vi må tørr å vise at vi kan, seier ho bestemt. Med over 60 prosent kvinner på norske høgskular, synest ho at kvinnene allereie har bevist at dei er dyktige og kan få gode utdanningar.

Barnehagedekning viktig

Det aller viktigaste for å oppnå full likestilling i Noreg, trur Kaldhol er full barnehagedekning. Ho viser til innslag på nyheitene der ei kvinne i Ålesund stod fram og sa ho kunne ha vore ute i full jobb, hadde det ikkje vore for at ho ikkje fekk barnehageplass til sine tre barn. Dersom ein ikkje kan plassere barna sine i trygge miljø medan ein er på arbeid, må ein av ektefellene vere heime. Det blir som oftast kvinna, sidan ho gjerne arbeider deltid og har lågast lønn, forklarer Kaldhol. Ho legg til at ho er nøgd med dekninga i Ulstein og Hareid, men peikar på at det er mange kommunar rundt om i landet som på langt nær har klart å få til full barnehagedekning i sine områder.

Kvinner er gode leiarar

Eg føler at mange kvinner er redde for å søke på høge stillingar, fordi dei føler dei må oppfylle alle krava til stillinga før dei søkjer. Dei er redde for at dei ikkje strekkjer til, og for å få kritikk. Vi kvinner er for perfeksjonistiske, trur ho. Kaldhol meiner at kvinner er strukturerte og gode leiarar, og forsking viser at den "mjuke" og kvinnelege leiarstilen som er mykje brukt i Norden, har begynt å få fotfeste i andre land også. Sjølv håpar ho på kvinneleg president både i Frankrike og USA ved neste val. Det trur ho vil slå positivt ut for kvinnekampen i mange land. Trur du kjønnskvotering hjelper? Eg har forståing for at høgt utdanna kvinner kan føle seg diskriminert av det. Når dei får ein jobb vert dei kanskje sitjande å lure på om dei fekk den fordi dei var kvinne, eller fordi dei var den best kvalifiserte søkjaren. Men vi har endå ikkje kome til det stadiet der vi har reell likestilling, så eg trur kjønnskvotering kan vere eit steg på vegen for å nå målet. Det er framleis store skilnader på menn og kvinner sine lønningar, for å ta eit døme, seier ho.

Sjølvskryt

Kva skal kvinnene ta tak i for å betre situasjonen? Eg trur ein må byrje med å gi slepp på styringa av heimen, og slutte å lage arbeidslister til mannen. Eit forhold består trass alt av to likeverdige og tenkjande individ. Menn klarer meir enn vi kvinner trur, dersom vi berre let dei få lov, oppsummerer ho. Ho peikar på at det er naturleg med arbeidsdeling heime når begge er i full jobb. Det treng rett nok ikkje å vere slik at mannen står på kjøkkenet og bakar, medan kvinna skruar på bilen. Det viktigaste er at ein fordeler pliktene mellom seg, presiserer ho. Elles fekk ho eit godt visdomsord av ein kollega, som ho gjerne vil dra fram. Når du har gjort ein bra jobb, har du lov til å seie "Eg er god". Sjølvskryt gjer mykje for sjølvtilliten, smiler ho. Kaldhol har ikkje nokon konkrete planar om å markere kvinnedagen i år. Eg er på jobb, så det vert nok ikkje tid til så mykje markering, seier ho. Sjølv har ho aldri vore med på å gå i tog denne dagen. Ho synast "kvardagskampen" er viktigast, men presiserer at offentlege markeringar på denne datoen er viktige for å synleggjere bodskapen.

Renathe Rossi Kaldhol, ei dame med sterke meiningar rundt likestilling.