Vernebygget over Aarvak har vist seg å bli dyrare enn styret for Ishavsmuseet hadde kalkulert. Etter ein ny finansieringsrunde manglar dei no ein million kroner på fullfinansiering. Skuta rotnar no bord for bord, og fylkesting- og kommunepolitikar Oskar Grimstad sa i Vikebladet Vestposten 9. januar at fylkesutvalet måtte inviterast til Brandal for å sjå tilstanden til skuta. Han var sikker på at dei då ville punge ut litt ekstra, for å berge skuta. Men nokon invitasjon har dei ikkje fått. Verken frå Oskar Grimstad, styret for Ishavsmuseet Aarvak eller Sunnmøre museum. Det er vanleg at det kjem ein formell invitasjon. Først då kan vi ta stilling til om å vi skal kome på synfaring eller ikkje, forklarer leiar Frøydis Austigard i fylkeskulturutvalet. Ho opplyser at kulturutvalet har løyvd pengar kvar gong det har kome søknad frå Ishavsmuseet om vernebygg over Aarvak. Utvalet har løyvd 300.000 kroner tre gonger, 900.0000 kroner. I tillegg kom det i september i fjor ein ny søknad frå Ishavsmuseet. Også då løyvde vi summen det vart søkt om; 400.000 kroner. Vi hadde ikkje midlar på det ordinære budsjettet for 2007, men klarte likevel å finne pengane, opplyser Austigard. Vedtaket var samrøystes. Kulturutvalet har dermed totalt løyvd 1,3 millionar kroner til vern av Aarvak. Ho meiner dette illustrerer at kulturutvalet prioriterer vernebygg rundt Aarvak høgt. Men leiaren i kulturutvalet har merka seg at det i følgje media ikkje vart lagt presenning over Aarvak i haust. Det synest ho er merkeleg, og ho meiner det er eit vesentleg spørsmål å få svar på kvifor dette ikkje vart gjort. Austigard opplyser at kulturutvalet komande fredag, 19. januar, skal ha ekstraordinært møte om nokre høyringar. Deretter blir det ordinært møte 8. februar, og føringane for dette møtet er alt lagde. Men vil de kome til Brandal på synfaring? Det kan eg ikkje svare på før vi eventuelt har fått ein invitasjon, der det også er ei grunngjeving om kvifor vi skal kome. Først då kan kulturutvalet ta stilling til det. Det er mykje vi skulle ha sett på, og vi kan ikkje reise i hytt og pine, svarer Austigard. Ho opplyser at eit samla kulturutval ikkje har vore i Brandal tidlegare, men at både ho sjølv og fylkeskultursjef Arvid Blindheim har vore på synfaring tidlegare. Men Austigard understrekar at ho meiner det er viktig at Aarvak blir verna, og at ho skjønar godt at Oskar Grimstad, som er frå Hareid, synest det er trasig at skuta rotnar planke for planke.