Optimistar, sjølv om Franzefoss har mist ei 30 år lang kontrakt
Franzefoss på Hareid går inn i 2007 utan miljøtilskot for handtering av forureining frå bilvrak. Franzefoss - og dei tidlegare eigarane har i 30 år hatt avtale med SFT og Miljøverndepartementet. Regionsleiar Severin Eilertsen er likevel optimist.
Daniel Sharin (t.v.) og Eldar Alme ved Vestmiljø i Brandalsstranda fryktar ikkje for arbeidsplassane sine sjølv om bedrifta har mist ein 30 år gammal tilskotsavtale med Staten. Næringslivet i regionen har fulle ordrebøker, og det gjer at det dagleg kjem mykje skrot og restavfall inn til anlegget.