I dag har Kaffebaren i Ulsteinvik alminneleg skjenkeløyve for øl og vin, og avgrensa brennevinsløyve til matservering. Nyleg har Kaffebaren fått sett opp eit markisebygg i 3,5 meters breidde i heile huset si lengde der dei frå før hadde uteservering. Styrar Karl Johan Barstad vil at det nye markisebygget skal sjåast på som ei utviding av kafearealet, med same tilbodet og opningstidene som resten av kafeen. Kaffebaren har òg planar om å utvikle baravdelinga og søkjer difor om å utvide skjenkeløyvet til å omfatte brennevin, utan at det skal vere knytt til matservering. Saka skal opp i helse-, sosial- og omsorgsutvalet onsdag neste veke. Rådmannen rår utvalet til å ikkje gje Kaffebaren utvida skjenkeløyve.