Inntektene frå aksjonen går til undervisningsprogrammet "Det er mitt val", som har til hensikt å bevisstgjere skuleungdom på narkotika, og lære dei å seie nei til rus. Sjølve aksjonen skal vere siste laurdagen i april, då kjem vi til å stå på stands rundt om i Ulsteinvik og Hareid for å selge ut resten av blomane, seier Tor-Erik Sundby i Ulstein og Hareid Lionsclub. Før den tid vil dei gå rundt å selge tulipanbukettar, både til privatpersonar og næringsliv. Kampen mot narkotika er viktig for oss, og vi håpar mange vil støtte oss gjennom å kjøpe blomar, avsluttar han.