Den gamle trebygningen på ytre Hareid har forfalla meir og meir med åra. Bordkledningen er til dels dårleg, fleire vindauge er knuste og manglande måling og dårleg tak gjer bygget skjemmande både for naboar og kommunen. No har eigar Jon Frøland fått brev frå kommuneadministrasjonen om at han må skunde seg å gjere noko med huset. Områdeleiar Nils Yngve Nupen viser til plan- og bygningslova som seier at huseigar skal sørgje for at byggverk og installasjonar blir halden i slik stad at det ikkje verken er til fare eller vesentleg ulempe, og at det ikkje verkar skjemmande i seg sjølv eller i forhold til omgjevnadene. Områdeleiaren konkluderer med at gamlehotellet ikkje er tilstrekkeleg vedlikehalde. I tråd med forvaltningslova varslar derfor kommunen Frøland om at det blir vurdert å kome med pålegg om utbetring. Huseigaren har fått ein frist på fire veker, til 13. april 2007. Men Frøland er ille ute også når det gjeld eit brannskadd bustadbygg i Hjørungavåg. I fjor fekk han pålegg om å rive huset innan 5. juli 2006, men dette er enno ikkje gjort. No har han fått varsel om at kommunen vurderer å utferde eit førelegg som har same verknad som ein rettskraftig dom, og kan fullbyrdast etter reglane for dommar. Førelegget kan tinglysast som eit hefte på eigedomen. Frøland har frist til 13. april i år med å uttale seg i saka.