Håvard Notøy blir leiar for den nyoppretta divisjonen i Havyard. Foto: pressefoto

For to år sidan vart Havyard Ship Services AS etablert for å utbytte skipsteknologikompetansen på tvers av selskapa i Havyard til å tilby ei endå betre støtte til kundane i eit livstidsperspektiv.

Havyard Ship Services fekk ansvar for å koordinere kompetansen i Havyard-selskapa. I tillegg skulle dei òg byggje eigen komptanse og kapasitet der det ikkje kunne hentast frå systemet elles. Selskapet har hatt mykje å gjere. I februar vart det bestemt at dei ville skipe ein eigen divisjon for ettermarknad og sørvis i Havyard Group. Denne divisjonen skal styrke og vidareutvikle produkta mot ettermarknaden, basert på å utnytte kompetansen og kapasiteten til Havyard, samstundes som dei langsiktig samarbeider med gode underleverandørar. Divosjonen freistar gje kvar kunde løysingar som er tilpassa det kunden treng.

Håvard Notøy, som òg er dagleg leiar for Havyard Ship Services har tatt over ansvaret som leiar for divisjonen ettermarknad og sørvis i Havyard Group. Tidlegare divisjonsleiar Tor Leif Mongstad held fram som leiar for divisjonen skipsutstyr og system i tillegg til å vere ansvarleg for sal av nybyggingskapasiteten til verfta i Havyard Group.