Eigentleg skulle det ha vore storstilt opning på den nye stadionen, men store mengder snø sette ein stoppar for festen utandørs.

- Vi bestemte i dag tidleg å avlyse. Vi håpte på regn og vind slik snøen forsvann i det minste, men vi får ta igjen opninga til våren, seier kultursjef Oddbjørn Grimstad.

I selskapslokala på klubbhuset gjekk derimot festen som vanleg. Mange nytta høvet til å tale og det vart servert brennsnut, med påfølgande kake. 11 år gamle Monica Teige stod for fin underholdning med Bjørn Eidsvåg-slageren "Shalala" akkompagnert av Oddbjørn Grimstad på piano.

Denne gjengen fekk blomar som takk for sin innsats. F.v. Oddbjørn Grimstad, Odd-Arne Vikebakk, Sindre Breivik, Karen Topphol Midtflø, Linda Haddal Røssevoll, Audun Garshol, Trine Pilskog.
Audun Garshol heldt tale og fortalde om friidretten på Hareid før i tida.