Ein berusa mann i 30-åra frå Hareid ringde politiet torsdag ettermiddag og trua med å sprenge offentlege bygningar på Hareid.

Mannen vart pågripen i heimen sin utan dramatikk og sett i varetekt.

Politiet vil vurdere å framstille han for fengsling i dag.