Rundt 20 prosent av befolkninga i Noreg har store utfordringar i forhold til lese- og skrivevanskar. Informasjons-og dokumentasjonsstraumen går i all hovudsak gjennom skriftlege framstillingar. – Dersom ein skal kunne delta i demokratiet er ein avhengig av å få informasjon om saker. Dei kommunale sakspapira består ofte av lange tekstar, og dei er bygde opp på ein spesiell måte. Dei er ikkje tilrettelagde for folk med lese- og skrivevanskar, seier politikar Marianne Breivik. Ekskluderer enkelte Kommunen legg saker ut på høyring. Dette er ofte saker som er viktige for utviklinga i samfunnet. Og her burde alle få lov å ytre si meining. – Eg trur dagens sakspapir er med på å ekskludere enkelte folk frå å delta. Det synest eg er synd, og difor bør vi prøve å legge informasjonen til rette også for dei med lese og skriveutfordringar, seier Breivik. Ho har undersøkt litt i forhold til korleis menneske med utfordringar knytt til lesing og skriving, samt personar med synshemmingar, kan få informasjon om saker som står på sakskartet, utgreiingar, planar (høyringar) og vedtak. Framlegg Breivik kjem med framlegg om at det kan ryddast litt opp i tekstoppsett og kopierast inn i ein talesyntese. Dessutan kan ein komprimere lydfiler i Windows Media Encoder slik at ein får tale i ekstremt små filer. Dette kan så distribuerast via ei lydfil på Ulstein kommune sine heimesider. Personar med interesse for informasjonen kan ved hjelp av mp3-spelar hente dette, eller lytte til infoen direkte frå heimesida. Ulstein kommune kan brenne dokumentet inn på ein CD til utlån i Servicetorget, dersom brukar ikkje har tilgang til eller meistrar bruk av dataverktøy. Breivik meiner at dette ikkje er tidkrevjande for dei som kan det, og ho meiner dei har godt kvalifiserte folk på IT-avdelinga i Ulstein kommune. – Eg trur ikkje det så mykje som skal til, og det vil heller ikkje koste så mykje. Det viktigaste er at vi gjer det lettare for alle å delta, meiner Breivik.