Einar Aasen frå Venstre meinte at ”veging var framtida”, men vedgjekk at småbarnsfamiliar risikerte ein kraftig kostnadsauke ved veging. Han ville derfor foreslå ein maksimumspris på kr. 3.000,- pr. år (mot dagens faste avgift på kr. 2.408,-). Dette forslaget gjorde han seinare om til eit oversendingsforslag – d.v.s. at politikarane i Hareid skal drøfte det seinare. Marianne Overå frå Arbeidarpartiet slo fast at det kom til å bli høgare kilopris dersom alle sparte på bosset - og at mange kom til å kvitte seg med avfallet andre plassar enn i dunkane. Særleg barnefamiliane ville få auka kostnader. – Det er berre sorteringssystemet som avgjer sorteringa vår, ikkje vektsystemet, sa Overå og meinte at faste avgifter var det mest forutsigbare.
Nyhende →
Hareid sa ja til veging av bosset
Med 14 mot 7 stemmer vedtok Hareid kommunestyre onsdag kveld å slutte seg til SSR sitt opplegg med veging av bosset. Dei sju som ville halde fram med fast bossavgift var dei fem Folkeliste-representantane og Marianne Overå og Hege Tretnes frå Arbeidarpartiet.