Etter den andre hjorteteljinga i fjor synte tala at det var 97 hjortar på Hareid. I år har Søre Sunnmøre Hjorteviltutval kome fram til at det er heile 185 hjortar der, nesten det dobbelte samanlikna med tala frå i fjor.

Det er det høgaste registrerte talet på hjortar etter den andre teljinga på Hareid sidan 2001 (230 hjortar).

Det same gjeld Sande og Vanylven, som har gått opp med høvevis 63 hjortar (52%) og 453 hjortar (75%).

Auke for dei fleste

Også Ørsta (21%), Ulstein (27%) og Volda (30%) har fått ei auke i talet på hjortar sidan i fjor.

Den einaste kommunen på Søre Sunnmøre som har gått ned, er Herøy (-28%).

Landsbrukskontoret opplyser om at dette er den første gongen at den andre teljinga syner fleire talde dyr enn den første.

Den første teljinga var 20. april, medan teljing nummer to vart heldt 4. mai.