Dagleg leiar Rakel Dyrhaug i Hareid næringsforum fortel at ein gjeng medlemer den siste tida har jobba friskt for å få teltet opp. Både med å sponse material som trengst, og med å sage asfalt og støype stolpar som det 9 x 18 meter store teltet skal festast i. Planen er at teltet skal vere på plass i parken i starten av juni - og at det skal stå i alle fall til Opplev Hareid er over 6. juli. Dyrhaug fortel at det blant anna er lagt opp til ei heil rekke med parkdagar fram til oktober. Første parklaurdagen blir laurdag 6. juni, og då vil blant anna Opplevingsgarden Teigane vere til stades med eit stort utval dyr. Då er teltet kjekt å ha både til matsal og andre aktivitetar. Men Hareid næringsforum håper at teltet skal bli mykje brukt, og dersom det finst lag eller organisasjonar som kan tenkje seg å leige det, er det berre å ta kontakt via telefonen på Hareid rådhus. Teltet kan nyttast både til konsertar, danseframsyningar, utlodding, matsal og mykje anna. - Berre fantasien set grenser, meiner Dyrhaug. I teltet er det sitjeplass til 120 personar, og der er 15 sett med småbord.
Nyhende →
Telt skal bli myldreplass i sommar
Grunnarbeidet er ferdig, og med det første blir teltet til Hareid næringsforum reist i parken. Målet er at teltet skal bli fullt av aktivitetar, og bli ein myldreplass i sentrum.