Sjøkaptein Remi Stridh tok ordet då kommunestyret var i ferd med å slutthandsame undersøkinga der Søre Sunnmøre Kommunerevisjon har avdekt stor tilsynssvikt i Hareid og Ulstein sine barnevernstenester.

Stridh er bestefar til to barn som er under omsorg av barnevernet, og han føler at både han og kona i alt for stor grad har blitt møtt med døve øyrer frå barnevernet og kommunen når dei har rapporterer om brot på lovene.

Skuffa over mangel på diskusjon

– Eg er også skuffa over at kommunestyrepolitikarane, sjølv om det vart avdekt stor svikt i rapporten, ikkje brydde seg om å diskutere saka. Det gjorde i alle fall kommunestyret i Ulstein, seier Stridh.

Men rett skal vere rett. Ordførar Anders Riise uttalte til saka at når rapporten viser at Hareid har lite tiltak i ein tidleg fase, så har kommunen ein veg å gå.

– Rapporten som var lagt fram omhandlar berre ein liten del av barnevernet sitt ansvar. Det vart full slakt, og det er ikkje grunn til å tru at resten av arbeidet deira er betre, legg han til.

Remi Stridh understrekar at han meiner det er viktig å ha eit velfungerande barnevern, og at dei i ein del tilfelle gjer ein god jobb. Men absolutt ikkje alltid.

Det er om lag 18 månader sidan barnevernet tok over omsorga til dei to barnebarna hans.

- Manglande tiltak i heimen

Eit av punkta som revisjonen skulle undersøke, var om det er gjort tilstrekkeleg tiltak i heimen før ei eventuell omsorgsovertaking.

- Akkurat dette står det ingen ting om i revisjonsrapporten. Og det står heller ikkje noko om kor vidt foreldra blir følgt opp etter omsorgsovertakinga. Om psykisk ettervern og klargjering for tilbakeføring, noko Stridh meiner beviseleg ikkje vert gjort. Dette er tiltak som barnevernet etter lova er pliktige til å ha ein plan for, poengterer Stridh.

Han meiner barnevernet bryt både Barnekonvensjonen, Menneskerettskonvensjon og Grunnlova paragraf 104.

– Eg har fått sett barnevernet frå ei side som eg ikkje har lyst til. Eg hadde verkeleg ikkje trudd det var så ille som det er, og det trur nok ikkje kommunestyrepolitikarane heller. Viss dei forstod alvoret, reknar eg med det hadde blitt debatt, legg Stridh til.

Han fortel om møtereferat som er skrive seks månader etter at møtet vart halde, og han hevdar at referatet då var fullstendig ugjenkjenneleg.

– Barnevernet i Hareid har i saka som eg kjenner best til ikkje lagt to pinnar i kors for å førebu tilbakeføring av barna. Tvert om. Dei skriv at omsorgsovertakinga gjeld til barna er vaksne. Også det er eit lovbrot, seier Stridh, og fortel at han har blitt kontakta av svært mange som har kome opp i liknande situasjonar med barnevernet.

- Gale også i 2016

– Eg trur det må vere noko gale med utdanninga i barnevernet, seier Remi. Han meiner systemet er svært lukka.

Rapporten til Søre Sunnmøre Kommunerevisjon er for åra 2013–2015. Rådmennene i kommunane Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har uttalt at dei i staden burde konsentrere seg om 2016, som var første normale driftsåret etter at barnevernstenesta i desse kommunane vart slegne saman. Og at mykje tyder på at tilstanden er betre i år.

- Eg har opplevd mykje kritikkverdig i 2016, så dessverre trur eg ikkje det har blitt så mykje betre, kommenterer Stridh.

Ordføraren i Hareid nemnde Kongsberg-modellen i kommunestyret. Ein modell som i grove trekk går ut på at barnevernet legg til rette for familieråd, og å den måten hindre at det blir så mange omsorgsovertakingar. Dette har Kongsberg lukkast med.

– At Hareid no snusar på Kongsbergmodellen må vel vere ei fallitterklæring til dagens system, konkluderer Stridh med.

- Ny gransking må til

- Undersøkinga til SSK viser at det er gjort alvorlege feil i barneverntenesta. Eg meiner derfor at dei sju omsorgsovertakingane som Hareid kommune har gjennomført dei siste åra bør granskast på nytt. Det er ikkje ei god nok løysing berre å skjerpe seg for ettertida.

Barneverntenesta ikkje tilgjengeleg for kommentar

prøvde måndag å få ein kommentar frå barnevernsleiar Brynhild Solvang, men vi fekk ikkje kontakt.

Vi ringde to ulike telefonnummer for å prøve å få ein kommentar frå leiaren for den interkommunale barneverntenesta, men på begge nummera kom vi til ein telefonsvarar som gav denne beskjeda: «Dei kommunale kontora er stengde resten av dagen grunna internt arrangement».

Sunnmørsposten skreiv laurdag 17. desember om Ivar Mork, leiar i kontrollutvalet, som under kommunestyremøtet i Ulstein hevda at Søre Sunnmøre Kommunerevisjon ikkje hadde fått gode nok arbeidsvilkår då dei skulle revidere barneverntenesta.

Barnevernsleiar Brynhild Solvang svara då Sunnmørsposten at ho stiller seg både spørjande og undrande til påstandane, og uttalte at dei har gitt alle opplysningar revisjonen har bedt om - og som har vore relevant for problemstillingane.

Men kven som skal bestemme kva som er relevant for problemstillingane, var det ikkje sagt noko om.

- Ikkje lagt godt nok til rette for revisjonen

Under møtet i Ulstein kommunestyre uttalte Ivar Mork (Ap.), som er leiar i kontrollutvalet, at den interkommunale barnevernstenesta ikkje la godt nok til rette for at Søre Sunnmøre Kontrollrevisjon skulle få gjere ein god jobb.

Dette har det også blitt opplyst om på møte i Kontrollutvalet, som er opne for ålmenta.

Revisjonen har kontrollert alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, også Herøy, Sande og Vanylven, som ikkje er med i det interkommunale barnevernssamarbeidet.

– Eg har kjelder som fortel at det har vore vanskelegare å få ut fakta frå det interkommunale barnevernssamarbeidet, enn frå dei enkeltståande kommunane. Søre Sunnmøre Kommunerevisjon er ei privat verksemd, men i alle offentlege etatar eller selskap som kommunane eig fullt og heilt, eller som er interkommunale, har revisjonen krav på å få tilgang på eit kvart dokument, uansett plattform, og uavhengig av teieplikt.

Mork veit ikkje sikkert kvifor det har blitt vanskeleg å få ut opplysningane, men han lurer på om det kan ligge ein misforstått profesjonalitet rundt teieplikta bak.

– Barnevernet burde vite at revisjonen skal ha tilgang på alle dokument, slår Ivar Mork fast.