I tillegg til dommen på 30 dagars fengsel må han betale tilbake vel 30.500 kroner til Nav, og 3000 kroner i sakskostnader.

Frå og med 1.11. 2011 mottok mannen arbeidsavklaringspengar (AAP).

Sporing av innsende meldekort, pluss innhenting av kontoopplysningar, viste at mannen hadde opphalde seg utanlands utan godkjenning 13 gonger i perioden frå juni 2011 til  desember 2014, og at han i denne perioden hadde fått utbetalt AAP.

Dette har mannen gjort sjølv om det går fram i meldinga om vedtak at han pliktar å melde frå til  Nav dersom han reiser til utlandet.

Under rettssaka kom det fram at han har hatt ei munnlege forståing frå legen sin om at det er OK å reise til utlandet. I ettertid ser han at han skulle vore meir nøyen med skriftleg dokumentasjon.

Mannen har fått utbetalt 111.836 kroner for mykje. Nav kravde å få tilbake vel 81.200 kroner pluss renter. Noko av summen viste seg imidlertid å vere forelda.

Dommen vart altså at mannen må betale tilbake 30.500 kroner.

Mannen er ikkje domfelt tidlegare.