(NPK): Dei meiner alle kommunar må utarbeide ein plan for å handtere klima­endringar. Dette skriv avisa Klassekampen.

– Mange kommunar har ikkje tatt inn over seg klimaendringane, og at det kjem så mykje regn på ein gong. Det må planleggjast på ein annan måte. Vi meiner alle kommunar bør vere pålagde å ha ein plan for å beskytte seg mot klimaendringane. Det kjem til å bli mykje skader framover, seier administrerande direktør i RIF, Liv Kari Skudal Hansteen, til avisa.

Finansiering av vass- og avløpsnettet skjer etter det såkalla sjølvkostprinsippet. Investeringar skal finansierast med avgifter. Mykje av vass- og avløpsnettet i Noreg er gammalt, og bygd i ei tørrare tid.