Rune Urke, dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, foreslår for styret i same selskap at huset i Skulevegen 1 blir rive.

For nokre år sidan kjøpte Ulstein kommune tilleggsareal på nedsida av Ulsteinvik barneskule. UEKF tok over bustaden, og har fram til no leigd han ut til utanlandske gjestearbeidarar. Men no har arbeidarane reist heim, og etterspurnaden etter slik utleige har gått ned.

Urke skriv at om bustaden skal leigast ut til familiar treng han ei stor oppgradering. Han er ikkje sikker på kor mykje det vil koste, men trur det vil koste "mange hundre tusen".

Å rive huset vil koste 200 000 kroner.

Parkeringsplassar og leikeplass

Den tidlegare parkeringsplassen som tilsette ved Ulsteinvik arneskule brukte til parkering, har gått med til bygging av Ulstein Arena.

Det er teikna inn nye parkeringsplassar på nedsida av barneskulen, men då må huset rivast for å få etablert parkeringsplassen som han er tenkt. Det blir også ekstra plass til leikeområde til skulen ved riving av huset.

Saka skal opp på styremøte i Ulstein Eigedomsselskap KF i kveld, måndag 28. august. Saka skal ikkje vidare til kommunestyret eller andre kommunale utval. Det blir endeleg vedteke i UEKF.