Kirkedata på Hareid har søkt Hareid kommune om å få ei støtte på 200.000 kroner frå Næringsfondet.

Hausten 2015 blei Kirkedata kontakta av pastor Gordon Logemann som har vore prest i Norge i ti år. Då han flytta tilbake til Tyskland i 2015 oppdaga han at Tyskland låg 10-15 år bak Norge når det gjeld utvikling av dataprogram innan kyrkja.

Kirkedata på Hareid har i 1,5 år jobba med å tilrettelegge program for den tyske marknaden, samtidig som dei har jobba parallelt med å få i stand avtalar.

For eitt år sidan signerte Hareids-firmaet ein avtale med Landeskirche Hannover.

- Avtalen inneber i første omgang at vi skal køyre ein tre månaders pilotfase for å avdekke om programmet fungerer 100 prosent innan den tyske kyrkja. Avtalen inneberer også at dersom pilotprosjektet er vellykka vil dei inngå ein ny avtale om kjøp av programmet til alle kyrkjekontora. Pilotfasen skulle gå frå januar-mars i år, men fordi kyrkja mangla naudsynt IT-infrastruktur så vart ho utsett til august 2017, skriv dagleg leiar Einar Aasen i Kirkedata i søknaden til Hareid kommune.

Aasen poengterer at dette ikkje berre vil sikre arbeidsplassane dei i dag har på Hareid, men at det vil representere mange nye stillingar. Målet er å få til ei eiga utviklingsavdeling med 5-10 tilsette.