Det var eit samrøystes formannskap som stilte seg bak tilrådinga frå rådmannen om å ikkje anke dommen i mobbesaka.

- Er du letta over at de ikkje ankar denne saka, men kan byrje leggje denne saka bak dykk?

- Ja. Eg er glad for at me har kome til den konklusjonen i dag. Det var nok viktig for oss å få stadfesta dommen i tingretten og få han vurdert på ny. Dommen i lagretten var meir nyansert, og det var me nøgde med, seier ordførar Knut Erik Engh til Vikebladet Vestposten.

- Vil Ulstein kommune no ta nye grep i skulane for å unngå mobbing i dag?

- Ja, no har det no kome ein del nye reglar og prosedyrar sidan 90-talet. Nyleg vart det også innført strengare reglar mot mobbing. Men saka viser at me må ta mobbing på alvor. Det må takast tak i med ein gong, og me må dokumentere kva me styrer med, slår ulsteinordføraren fast.