Om lag klokka 18.00 torsdag byrja brannalarmen ved Blåhuset kjøpesenter i Ulsteinvik å kime.
Det viste seg at alarmen blei utløyst av røyk frå ei gryte inne på kafeen Valaker.
Alle kundar og tilsette ved kjøpesenteret måtte stå utandørs for ei kortare periode, til brannmannskapet frå Ulstein brannvesen hadde vurdert situasjonen.
Det tok ikkje lang tid før folk kunne gå inn att, og at brannvesenet kunne dokumentere at det ikkje lenger var noko fare.