200 meter av den nedre delen av Haddalura er bratt og ustabi, melder ressursavdelinga ved berg- og geoteknikkseksjonen i Statens vegvesen. Dei konkluderer med at det vil kome nye steinspran, tilsvarande eller verre enn steinspranget i Haddalura natt til 15. november i år.
Kom frå 180 meters høgde
15. november hevda vitner Vikebladet Vestposten var i kontakt med at store delar av den nedre delen av ura hadde rast ut. Dette avviser rapporten til berg- og geoteknikkseksjonen.
Rapporten fortel at steinspranget kjem frå overgangen mellom det bratte og slakke partiet i ura på 180 meters høgde over havoverflata.
Seksjonen skriv at det truleg er ei stor blokk som har losna og teke med seg fleire på veg ned. 140 meter nede i ura har den delt seg og rulla kvar si retning. Det forklarar kvifor steinblokker trefte betongmuren ved riksvegen med 60–70 meters mellomrom. Steinblokka har ein storleik på 1–2 kvadratmeter, og har løyst ut eit ras på om lag 20 kvadratmeter.
Autovern, Jerseykant (betongmuren) og vegdekke vart skadd som følgjer av raset.
Trass i at dei peikar på risikoen for fleire steinsprang, trøystar berg- og geoteknikkseksjonen med at skred i Haddalura er sjeldne og at det verkar som at betongmuren er i stand til å stogge enkeltsteinar som kjem ned.
40.000 kroner meteren
Dei har likevel dei lagt fram forslag til tiltak for korleis Haddalura kan sikrast. Med grunnlag for at steinsprang kan vere vanskeleg å føresjå og varsle, er det difor berre fysiske sikringstiltak som fører til auka tryggleik mot skred på strekninga.
Fysiske sikringstiltak må ha ei viss høgde for å kunne stogge steinblokker som sprett. Dimensjonering av eventuelle sikringstiltak må gjerast på bakgrunn av blant anna simuleringar av steinsprang.
Berg- og geoteknikkseksjonen har lagt fram fanggjerde og høgare murar som alternative sikringsmetodar. Fanggjerde må forankrast i fast fjell, noko som kan vere vanskeleg i ei ur. Og estimert kostnad for fanggjerde er 40,000 kroner per løpemeter. Ved høgare mur må lengda gå langs heile ura. Denne kan til dømes lagast som såkalla gabionmur eller standard betongmur.
Vikebladet Vestposten har prøvd å kome i kontakt med driftsansvarleg Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen for ein kommentar, men han var ikkje tilgjengeleg grunna ferieavvikling.