Flaum og stengte jernbanestrekningar på Austlandet skaper forseinkingar for postgangen. Store mengder post flyttast frå jernbane til bil.

– Posten har god beredskap for denne type situasjonar, og har allereie sett i verk tiltak. Sjølv om alt som er praktisk muleg blir gjort, vil det likevel bli forseinkingar, vedgår Posten Norge i ei mindre pressemelding onsdag.

Dei største utfordringane er knytt til transportkapasitet til og frå Oslo. Store mengder gods må flyttast til alternative transportar, på grunn av problem på jernbanestrekningane Oslo - Trondheim - Fauske. Det er også forseinkingar på Are-toget over Sverige til Narvik, grunna flaum på Kongsvingerbanen. Bergensbanen er også ramma, truleg ut onsdag.

Posten planlegg for at forseinkane vil vare ut denne veka.

Post som rammast vil i hovudsak bli eit døgn forseinka. A-post rammast i mindre grad, fordi denne flys mellom landsdelane.