Ein gratis sjekk av russebilen kan løna seg, meiner Statens vegvesen som også i år stiller opp for russen som skal feira på hjul.

– Vi vil oppmuntra alle med russebilar og -bussar til å ta ein tur innom gratiskontrollane våre. Køyretøy som blir godkjende i kontrollen, får ein oblat i vindauget og slepp større tekniske kontrollar langs vegane i mai, seier senioringeniør Tormod Schau i Statens vegvesen.

Han legg til at russen også kan få rettleiing og hjelp om det er noko dei lurer på.

Vegvesenet minner om at trafikkstasjonane deira er både er opne på kveldstid og har «drop-in»-timar på dagtid.

Vegvesenet åtvarar også mot å ta ut aggregatet for lyd- og lysanlegget ved kontrollar, for å setja det inn att etterpå. Etaten minner om at feilmonterte aggregat både er brannfarlege og gjev stor risiko for kolosforgifting frå eksosen.