Leif Arne Hansen var ein av dei første kundane innom døra til nyopninga av Apotek 1 Hareid.

- Her er blitt kjempeflott! Lyst og triveleg, rosar han og får marsipankake og kaffi frå Monica Fernandes.

Det er 16 år sidan apoteket på Hareid opna. No meinte dei det var på høg tid å få lokale lysare og meir moderne. Her har blitt enklare å orientere seg, lettare å ta seg fram og betre plass til varer som kundane plukkar sjølve.

Nyopninga blir markert med kake, kaffi og opningstilbod.