Sosialistisk Venstreparti har levert inn liste til kommunevalet i Hareid. Øvst, og på kumulert plass, står Inga Ishild Hareide.
Hareid SV har ikkje hatt representant i Hareid kommunestyre i inneverande periode.
- Ved førre val mangla vi tre røyster på å få inn ein representant. Eg håper vi klarer det denne gongen, for eg er overtydd om Sosialistisk Venstreparti kan ha ei viktig stemme i hareidspolitikken, seier Inga Ishild Hareide.
I perioden før var det nettopp Hareide som sat i kommunestyret for Hareid SV. Blant sakene ho då kjempa for var løyving til Sunnmøre krisesenter og større økonomisk støtte til psykiatritenesta i kommunen.
- Det vart ikkje fleirtal for desse sakene, men eg meiner det er viktig at til dømes slike saker har sine talspersonar, seier Hareide.
Her er lista til Hareid SV
Inga lshiid Hareide, kumulert
Rakel Elise Brandal
Olav Sveen
Marit Kvammen
Agnes Hareide
Stein Karstensen
Tone Skorgenes
Roy Andre Øvrelid
Kristin Reite
Elias Johan Liavaag
Roger Wagland
Atle M seide
Sara Hareide Wagland
Gro Lothe