Sjølv om det har regna kraftig i helga, har det ikkje regna frå seg. På yr.no kan ein lese at det er OBS-varsel for Møre og Romsdal. Frå måndag ettermiddag til tysdag kveld er det venta store mengder med nedbør. Lokalt er det venta 40-90 mm på 24 timar. Mest nedbør på Sunnmøre.

Men vinden ser ut til å avta litt. På det meste vil det blåse opp til laber bris.

NVEs flaumvarselsteneste varslar flaum gult nivå for Møre og Romsdal på grunn av alt regnet.