Telenor skriv på Twitter-kontoen sin at dei nullstiller prisane for samtalar og tekstmeldingar frå og med terrorangrepet skjedde torsdag kveld og fram til 16. juli kl. 23.59.

Telefonselskapet Chess skriv på Facebook at dei tenkjer på alle som er ramma av dei grufulle hendingane i Nice.

– For å gjere det lettare for kundane våre å komme i kontakt med familie og venner, nullprisar vi derfor alle samtalar, databruk og SMS, skriv Chess.

Også OneCall og Telia stadfestar at dei gjer det same, overfor NTB.

Fri ombooking av reiser til og frå Nice

Norwegian og SAS tilbyr kundar som skal reise til og frå Nice, fri ombooking.

– Passasjerar med billettar til og frå Nice med avgang til og med 24. juli, vil få høve til å endre reisedatoen gratis fram til 7. august, opplyser pressekontakt Astrid Mannion i Norwegian til NTB.

Norwegian tilbyr dessutan refusjon av billettar til Nice med avgang fram til 24. juli.

SAS stadfestar òg ovanfor NRK at dei tilbyr fri ombooking av reiser til og frå Nice den neste veka.